Tek eit kontant oppgjer med samlivs-kompromiss

17.11.2023
Sofie Braut
Bokomtale Homofilt samliv Homofili Homoseksualitet Gudsforhold Guds folk Gudstro Guds bud Gudsfrykt Evangeliet

Bokanmeldelse

Allberry Sam: Liker ikke Gud homofile?

Allberry Sam: Liker ikke Gud homofile?

Lunde forlag 2023 ISBN: 9788252005721

Bokmål 94 sider

Mykbind med klaffer

Pris: kr. 199

Sam Allberry er klar med ei oppdatert utgåve av boka «Liker ikke Gud homofile?» Det han sa for ti år sidan, er ikkje blitt enklare å seia i dag, men det hjelper at forfattaren veit kva han snakkar om.

Det mest påfallande med boka «Liker ikke Gud homofile?», er kanskje kor mykje Sam Allberry får sagt på under 100 små sider. Forfattaren undrar seg over at den vesle boka hans har nådd så vidt ut, men det verkar i grunnen opplagt.

Skal du først ta i noko skikkeleg vanskeleg: hald det konsist; nært livet og nært Jesus.

Mykje av den kristne formidlinga knytt til det som han før omtalte som «homofili», men som Sam Alberry no kallar likekjønna tiltrekking, har vore tynga ned av tåkeprat. Under ein haug med velmeinte intensjonar, forsikringar og frykt for å vera for lite omtenksam, kan det vera vanskeleg å finna att hovudpoenget.

Skal du først ta i noko skikkeleg vanskeleg: hald det konsist; nært livet og nært Jesus.

For kva seier eigentleg Bibelen? Kva seier Jesus? Og korleis kan vi leva det nye livet? Desse vesentlege spørsmåla slepper ikkje Sam Allberry av syne.

Han er radikal og rett fram. «Dette er eit frelsesspørsmål», seier han, og tek eit kontant oppgjer med kristne kompromissmakarar på feltet. Men han er også ein engasjert medvandrar, ein sjelesørgar som verkeleg bryr seg. Sjølv har Allberry levd med likekjønna tiltrekking frå unge år. Han kjenner kampen og veit at det kostar.

Boka ber dessutan ein bodskap med brodd til alle som les: «Hvis noen synes at evangeliet på ett eller annet vis har passet fint og greit inn i livet deres, uten å forårsake noen store endringer i livsstil eller ambisjoner, har de sannsynligvis ikke begynt å følge Jesus i det hele tatt».

Allberry er eit førebilete når det gjeld å koma til poenget – og han greier det heilt utan å verka kjølig eller knapp. Briten har vore mykje rundt i ulike samanhengar og snakka om tema som identitet, seksualitet og likekjønna tiltrekking. Få tema har vore så sårt og splittande i kyrkja i seinare tid.

«Liker ikke Gud homofile?», gjer det tydeleg kvifor Allberry er etterspurt. Han har eit mellommenneskeleg innsteg, der han ausar av eigne erfaringar for å gje råd og rettleiing om korleis vi individuelt og som kyrkjelyd kan vera til hjelp for folk som strevar med seksualitet og identitet.

Med eit språk som er lettlese og lite omstendeleg, blir temaet tilgjengeleg for ei brei lesargruppe. Likevel er boka grundig, og etter lesinga sit ein att med ei kjensle av å vita meir – også om ein ha høyrt litt om temaet frå før.

Boka tilbyr eit klargjerande korrektiv til populære straumdrag, også her heime, som har opphøgd truskap til det som avgjer kva eit kristent ekteskap er. Ei slik nytolking krev at ein må sjå vekk frå mykje anna i Bibelen.

Boka tilbyr eit klargjerande korrektiv til populære straumdrag som har opphøgd truskap til det som avgjer kva eit kristent ekteskap er.

Allberry tilbyr i staden ei langt meir fulltonande og forankra formidling om eit tema som kostar mykje for han personleg. Det personlege ligg som ein varm og truverdig nerve gjennom det heile.

Samtidig er boka kjemisk fri for offermentalitet. Det glade Jesus-vitnesbyrdet gjennomsyrer boka. Vi har alt å vinna på å søka etterfølging av Jesus, han som er livsens brød, det ein treng for livsopphald.

Alberrys hovudpoeng i dei fem korte kapitla er nettopp at det kostar noko for alle å følgja etter Jesus. Men så er det også verdt alt.

Måten boka omtalar seksualitet på, er fint balansert. På eine sida poengterer forfattaren sex har eit klart føremål frå skaparen si side, og dermed er djupt og viktig.

Samtidig er det ikkje det definerande ved mennesket og identiteten vår. Boka avslører kulturelle mytar, gjennom avsnitt med spørsmål og svar, og får fram at evangeliet faktisk er gode nyhende uansett kva kampar vi står overfor.

Det har ikkje blitt mindre kontroversielt for Sam Alberry å seia det han seier i åra som har gått sidan 2013. Men det er heller ikkje blitt mindre viktig. For mange vil denne nyutgjevinga vera håpsord i rette tid, full av praktisk hjelp, trøyst og klar rettleiing.

Frimotet som gjennomsyrer denne boka er av typen “tried and tested”, for å låna forfattarens morsmål. Sam Alberry er ein mann som deler frå eit innanfrå-perspektiv. Han veit rett og slett kva han snakkar om.

Sofie Braut