Det begynte i juni i år. Therese Egebakken blei kjent for mange då ho sa: «Problemet med Den norske kirke som deltaker i feiringen av Pride, er at rommet for to likestilte syn dermed ikke opprettholdes og ivaretas. Og dermed ivaretas ikke rommet for alle medlemmer i like stor grad som vi er lovet ved kompromissvedtaket.»
Den unge og fryktlause kyrkjepolitikaren la til: «Når Den norske kirke nasjonalt og/eller lokalt markerer teologisk eller politisk støtte i favør ett av synene uten å berøre det andre likestilte synet, så vil noen automatisk føle seg ekskludert og utenfor.»
For nokre dagar sidan kom ei endå sterkare markering. Egebakken ba seg friteken frå sine plikter i Kyrkjerådet (KR) sitt arbeidsutval (AU) og arbeidsmiljøutval (AGU). Grunngjevinga var det ho opplever som ei stadig meir problematisk utvikling i kyrkja sin teologi og praksis.
Som i sommar var Presteforeningen sin leiar raskt ute med ein korreks. Han meiner det er ei misforståing (Les: Egebakken si misforståing) å gjere arbeidet i Arbeidsgiverutvalget til eit spørsmål om teologi. For Dnk er «lovforpliktet til at alle arbeidstakere skal ha et fullt forsvarlig arbeidsmiljø, og kirken er også lovforpliktet til å fremme likestilling og hindre diskriminering.»
Han slår inn opne dører. For Egebakken var meir enn tydeleg på at alle har krav på eit godt arbeidsmiljø. Ho nemnde dessutan fleire konkrete døme på kor mykje ideologi og teologi som fylgde i kjølvatnet til arbeidsmiljøtiltaka. For eksempel har fleirtalet i Dnk
- vedteke at alle tilsette i kyrkja skal på obligatorisk (!) LHTB-kurs, og
- med liten tekst i ymse dokument vedteke at Dnk markerer Pride, og at
- midlar skal brukast for å markera Skeivt kulturår 2022
Nok ein gang er Therese Egebakken utsett for hersketeknikkar. På subtilt vis er det også tilfellet for KR-leiaren, som rett nok med den beste intensjon og vilje «forteller at hun flere ganger har sagt at Den norske kirke må ta tak i spørsmålet om hvordan man lever med uenighet i kirken.»
Men denne saka dreier seg ikkje om usemje. Den handlar om teologi og ideologi. Den handlar om ei kyrkje som omfamnar ei skandaløs utvikling, utan ein einaste gang å ta til moralsk motmæle.
Foreningen FRI legg ikkje skjul på kva dei meiner. Fleire titals gonger i handlingsprogrammet sitt er hovudsaka «å bryte med normer for kjønn». Om vi for tankens skuld aksepterer det som var hovudsaka for dei som ville endra kyrkja sitt syn og hennar praksis, nemleg at det berre var snakk om å akseptera kjærleiken mellom to menneske, men at alle kristne normer på samlivsområdet samtidig stod fast, så er det vel ingen som ler høgare enn FRI og Pride over slik naivitet.
Men det er den ideologien som alle tilsette i kyrkja no vert fora med. Det er ein klassisk manipulasjon: Gjensidig utelukkande teologi blir redusert til eit spørsmål om korleis vi kan leve med usemje. På slike premissar har Egebakken ei dårleg sak!
Derfor er det premissane som er feile.
Egil Morland
(Publisert i Dagen 21.12.21)