Tru mot sanninga i kjærleik

07.02.2023
Rolf Kjøde
Aktuell kommentar Offentlighet Lære Læretilpasning Teologi Teologihistorie Ekteskapsforståelse Ekteskap Ekteskapsteologi Likekjønnet ekteskap Forsamlingsarbeid Menighet Kirken

Aktuelt

Rolf Kjøde

Fleirtalet av kristne leiarar som held fast ei klassisk bibelsk lære om kjønn og samliv, skyggar unna det offentlege rommet. Når Dagens redaktør, Tarjei Gilje, let seg imponere over Normisjons opne vegleiing under leiarkonferansen i januar, er dette bakteppet.

Sjølv sluttar eg meg til redaktørens vurdering. Open offentleg klargjering av kva vi forkynner og rettleier ut frå er nødvendig om vi vil demme opp for det massive trykket frå kyrkjelege krefter som tar sine oppgjer med Guds ord.

Reint visuelt var det sterkt å sjå generalsekretær Kjetil Haga stå under ein stor skjerm med sitat frå Rom 1 og 1 Kor 6 og klargjere at dette er basis for Normisjons lære. Utydelggjerande politisk språk om ulike «syn» blei unngått. Tvert om viste han til at tekstene er klare og ikkje til å misforstå.

Den sanninga står vi ikkje fritt til å vende oss frå. Vi vil derfor – med kjærleik og tolmod – stå midt i den apostoliske rettleiinga til heilagt liv og etterfølging, også når det kostar i møte med den allmenne meining, og når det smertar i møte med kristne sine kampar med uønska seksuell tiltrekking.

Organisasjonens leiar for arbeidet i Norge, Vegard Tennebø, leverte ein skarp og truverdig historisk og ideologisk analyse av kva som har ført oss til det enorme skiftet av kulturelle verdiar der kjensler på ganske kort tid er blitt politikk. Når tanken om gudsbildet er tapt, må det autonome mennesket skape sin eigen identitet, ikkje minst seksuelt.

Avtroppande leiar av Acta, barn og unge i Normisjon, Kristian Øgaard, gjekk rett inn i spørsmålet om vi like gjerne skal slå følge med dei som landar i ulike «mellomposisjonar». Han viste korleis snuoperasjonane til MF-professorane Hegertun og Hegstad ikkje står seg teologisk.

Seminaret våga også å løfte fram nokre av dei dilemma som vi står i, når vi lykkast med å ha opne forsamlingar som trekker til seg menneske med ulik bakgrunn og ulik seksuell tiltrekking. Det er smertefullt å sette grenser.

Med den svært svake bibelopplæringa som mange unge kristne er blitt eksponert for, må vi gå nokre rundar for å lære kva det betyr å følge Jesus. Det krev at vi er tru mot sanninga i kjærleik. Skal vi klare å kommunisere den heilskapen, trengs pastoralt tolmod.

Slik høyrde eg dei to røystene frå Normisjons forsamlingar. Den eine av dei la jamvel vekt på at vi alle ber på noko som er gått i stykke i seksualiteten vår, prega som vi er av synda i liva våre. Alle står dermed i behov av den nåden og tilgjevinga som kyrkja har fått å forkynne. Å forstå forvaltinga av seksualiteten i ein hedonistisk kultur også i eit slikt perspektiv, er radikalt og genuint kulturkritisk.

Leiinga i Normisjon skal ha takk for at dei gjorde dette offentleg framfor nokre hundre av sine viktige leiarar på ulike plassar i organisasjonen. Denne typen leiarskap har ringverknader, jamvel i ein flat organisasjonskultur som Normisjons.

Strengt tala har generalsekretæren og hans folk lite formell makt over regionar, forsamlingar og skolar, men å bruke rørsla si viktigaste samling av leiarar til å tydeleggjere kva teologisk identitet organisasjonen har, gir nytt frimod til det store fleirtalet av medarbeidarar utover i arbeidet. Sånn sett utøvde leiarskapen tilsynsansvaret sitt under denne samlinga.

Samtidig markerer det grenser for dei som vil dra teologisk i retning det som har skjedd i Den norske kyrkja og Metodistkyrkja. Dei fleste av frikyrkjene er i ein ganske lik posisjon som Normisjon både når det gjeld teologisk ståstad, og i møte med dei utfordringar som røyndomen gir.

Frikyrkjelege leiarar må gjerne sjå til det som skjedde på denne leiarkonferansen – og ta med lærdom til eigne prosessar. Å skygge unna offentleg teologisk vegleiing hjelper ingen.

Rolf Kjøde

(Tidligere publisert i Dagen)