Utfordrande om underordning

04.05.2023
Johannes Kleppa
Bokomtale Underordning Familie Fellesskap Bibeltillit Bibeltroskap Bibeltekster Bibelvers Bibeltolkning Bibelbruk Bibelforståelse Bibelen Gudsforståelse Samfunn Samfunnsliv Menighet

Bokanmeldelse

Erling Thu, Ta ansvar i eige liv

Erling Thu, Ta ansvar i eige liv 

Skap fred og harmoni i familie og fellesskap

Ventura 2022

Hft 172 sider

Erling Thu ligg ikkje på latsida, men produserer den eine boka etter den andre. Han har gjennom eit langt liv arbeidd med teolog og forkynning, og bøkene er tydeleg frukter av det. Denne gongen gjeld det særleg spørsmålet om underordning, og då med debatten som gjekk om dette for kort tid sidan, som bakgrunn. Det gjer boka aktuell, men det kan også gjera at boka etter relativt kort tid kan opplevast som utdatert. Hovudmomenta i boka er uansett tidlause.

Thu legg stor vekt på bibeltruskap og det å bøya seg for det Guds ord seier, også når det går mot tankane i tida. Argument som at vi lever i 2023, at det er vanskeleg å overføra til vår tid eller at ein ikkje får underordning til, fell med det til jorda som irrelevante. Thu er veldig tydeleg på korleis han forstår Skrifta og kva han står for. Nokre gonger kan det opplevast provoserande eller uvanleg.

Med tanke på at boka primært dreier seg om underordning, spenner ho vidt. Ho tek opp dette både med tanke på gudsforståinga, samfunnet, ekteskapet, familien og den kristne forsamlinga. Framstillinga kombinerer ei bibelsk framstilling med å vera praktisk og aktuell. Eg synest her er mykje bra, og det er skrive på ein lettfatteleg måte på godt nynorsk. Eg får gjera merksam på at Thu gjev att eit innlegg eg hadde i Dagen om saka, og det er for meg helt greit.

Med tanke på ekteskapet legg Thu stor vekt på at dette er ei guddommeleg og god ordning, at det frå skapinga er ei livslang ordning mellom ein mann og ei kvinne. Han tek også opp spørsmålet om skilsmisse og attgifte. Han peikar på fleire forhold der han meiner skilsmisse er rett eller akseptabelt, og at den som er skuld i det, har brote ekteskapspakta, og at den andre parten då er fri til å gifta seg på nytt. Her synest eg Thu er overraskande svak når det gjeld bibelsk argumentasjon, og eg kan ikkje fylgja han i resonnementet. Det er mykje bibelstoff om attgifte som han ikkje nyttar.

Det er også andre område som eg synest vert svake ut frå den uttalte vilje til at Guds ord skal styra, og berre det. Det gjeld slik som forståinga av aposteltenesta og spørsmålet om hovudplagg. På slutten er det eit interessant appendiks der ulike greske ord som er aktuelle for spørsmålet, vert kort forklarte og vist til skriftstader.

Med tanke på ordningsspørsmålet, og særleg tenestedelinga (som er eit ord han ikkje likar) i den kristne forsamlinga, synest eg det er i mest laget vekt på at det dreier seg om ei styringsordning ut frå den bibelske hovudtenkinga. Etter mitt skjønn må eldste- og lærefunksjonen ut frå det bibelske materialet tilleggast større vekt.

Eg har lese boka med interesse og til lærdom, samstundes som eg meiner det er element som bør få ei noko anna tilrettelegging og vektlegging. Lese med litt kritiske briller, meiner eg mange vil ha utbytte av bok. Erling Thu fortener honnør for å gå inn i eit såpass kontroversielt tema, og for å vera tydeleg og uredd i framstillinga.

Johannes Kleppa