What is your church?

17.12.2013
Egil Morland
Aktuell kommentar

I USA spør folk gjerne kvarandre: - What’s your church? Underforstått: Når du ikkje går i mi kyrkje, så må det vera ei anna!

Illustrasjonsfoto. Bildet viser Mariakirken i Bergen. (Foto: Nina Aldin Thune, via Wikimedia Commons, CC-BY-SA).

Det hende for nokre år sidan. Ein nabo let falla ein kommentar, omlag som så: - Du var seint ute i går!

Eg måtte vedgå at eg ikkje forstod. – Å, eg veit kvar du skulle, svara vedkomande då.

Eg skulle til kyrkje. Det var søndag føremiddag, og, ja: eg var seint ute. Naboen skulle ikkje. Men bilen var eit signal. Ein kode i den lokale sosiologien. Det er diverre ikkje så mange slike teikn att i mange bygder. Eg meiner: Det er ikkje sjølvsagt at samantreffet mellom bil og klokkeslett vitnar om gudsteneste og tru, om lag slik bossbilen minner om at det er onsdag.

I USA spør folk gjerne kvarandre: - What’s your church? Underforstått: Når du ikkje går i mi kyrkje, så må det vera ei anna! For eit flott spørsmål! Gudstenestene startar til ulike tidspunkt, så det er ikkje godt å seia kva den eine eller andre bilen vitnar om. Men somme stader er det altså svært sannsynleg at dei skal til ei av mange mulige kyrkjer.

Annleis då i det (tidlegare) homogene Noreg. Klokka 11 søndag var så heilagt som noko kunne bli her på jord. Det var velsigninga frå folkekyrkja. Så fekk butikkar og skytestemne retta seg etter det. Turmarsjar like så.

Eg kom til å nemna i siste møtet i Kyrkjerådet at vi kan bruka mykje krefter på å diskutera kor tid noko er «kyrkjesplittande», som det heiter. Det er ein spesialitet for teologar, stort sett. Helst er ein kvikk med å seia at noko ikkje er kyrkjesplittande, utan eigentleg å levera grunngjevingar for det. Poenget mitt er ganske enkelt at kyrkjesplitting først og fremst er noko ein ser. Det er eit sosiologisk fenomen, og det viser seg som regel lenge før det vert eit teologisk. Folk vil vera ein stad der dei kan arbeida med frimot. Der det vert fokusert positivt på oppdraget, ikkje negativt på avgrensingane.

Eg vil ikkje bli misforstått! «Kyrkjesplitting» er eit djupt alvorleg spørsmål, og eit som vi aldri skal konkludera for raskt på. Er grunnlaget for tynt, risikerer vi å møta oss sjølve i døra, i tillegg til at vi undervegs kan ha såra mange.

Men no er det dette eg vil ha fram: Splitting skjer lenge før biskopar erklærer at det er eit teologisk akseptabelt grunnlag for at den kan inntreffa. Difor er det med glede eg kan melda at det framleis fer ein del bilar i retning ulike gudshus frå bygda vår. Men dei fer ikkje samstundes, alltid. Og ettersom vi ikkje har ein tradisjon for frimodig å spørja: - Kvar er kyrkja di? – , så er det truleg ingen som veit om dei som sit inni bilane er tidleg eller seint ute. For det kunne jo henta dei skulle på Plantasjen og handla…

Slik er det. Eller med Bob Dylans ord: the times they are a-changin’. Også for kyrkje, den norske.

 

Egil Morland

(Tidligere trykt i Dagen, 12.12.13)