Ypperleg om evolusjonslæra

28.09.2012
Johannes Kleppa
Bokanmeldelser

 

Etter mi vurdering gjer evolusjonslæra lagt større skade både i folket generelt og i kristenfolket enn vi er klare over. Ei lære og eit livssyn som har det tilfeldige som utgangspunkt og leiestjerne, må få mange negative konsekvensar med tanke på meininga med livet, menneskesynet, etikken, ansvaret, omsorga og kjærleiken. Ho er dessutan ateistisk og undergrev med det gudstrua og Jesu frelsesverk.

Utviklingslæra vert presentert som naturvitskap, men slik ho vert framtilt, undervist og oppfatta, er ho noko langt meir. Ho er eit livssyn, ei isme eller ein ideologi som har teke religionens plass. Slik er det fordi ho i utgangspunktet ser bort frå Gud og forklarer alt naturalistisk ut frå det tilfeldige. Då har denne ”læra” i utgangspunktet gått ut over det naturvitskaplege og ut over vitskapen sitt mandat, ved at ho har uttalt seg om det metafysiske, Gud og trua. Ho er i seg sjølv ei tru, trass i at ho meiner seg å vera vitskap og ha bevis for si lære.

Evolusjonslæra har stort gjennomslag i vitskaplege samanhengar, særleg innan biologien. Det er like fullt nyateistar som ”forkynner” henne aller sterkast, særleg eit par svært aktive engelskmenn. Samstundes skal vi hugsa at denne læra er historisk sett ei ny oppfinning som er ukjent i alle kulturar i tidlegare tider. Det normale har vore å rekna med ein eller anna gud. Ho har heller ikkje globalt sett eit allment gjennomslag, men er stort sett eit vestleg fenomen. Dessutan viser det seg at når evolusjonslæra vert ettergått på vitskaplege, særleg naturvitskaplege premissar, fell ho gjennom. Ho held ikkje mål ut frå det vi naturvitskapleg veit og slik vi arbeider vitskapleg, og ein må baserer seg på tru og føresetnader som ikkje kan bevisast. Evolusjonslæra er kort og godt ikkje bevist, slik lærebøker og tv-program påstår.

Det er skrive ein god del bøker om evolusjonslæra og Charles Darwin opp gjennom åra, og eg har lese ein  del av desse – sjølv om eg har vorte lei av slike bøker, fordi heile utviklingslæra er så meiningslaus. Bøker av denne typen er like full nødvendige, og den vi her har føre oss, er av ypperste klasse for sitt føremål. Så er heller ikkje forfattaren nokon smågutt på dette område. Kjell J. Tveter er ein erfaren professor i medisin, og han brukar mykje frå menneskekroppen og korleis livet er og fungerer, for å visa kor hjelpelaus evolusjonslæra er til å forklara korleis livet har vorte til og korleis livet er oppbygd, fungerer og utviklar seg – særleg mennesket.

Det går som ein raud tråd gjennom boka at det store spørsmålet er om det vi ser i naturen generelt og i mennesket spesielt, kan forklarast ved slump og det tilfeldige – eller om det må intelligens til, og det siste vil bety Gud. På punkt etter punkt vert det påvist at ei forklaring ut frå det tilfeldige anten er komplett umogleg eller heilt usannsynleg. Når vitskapsmenn like vel forklarer det slik, er det fordi dei ikkje vil tru på Gud. Då er vitskapen ideologisk eller livssynsmessig styrt i strid med vitskapens eigenart og føresetnad. Saka er at den måten evolusjonslæra forklarer livet og utviklinga av livsformer på, både er ukjent så langt menneske kjenner historia, i strid med fundamentale naturvitskaplege prinsipp og ville ført utviklinga nedover, ikkje oppover om det hadde skjedd slik.

Det ville føra for langt å gå gjennom dei ulike områda som er aktuelle, ikkje minst det som gjeld celler og DNA, men eg vil påpeika den vekta Tveter legg på at det er innebygd informasjon i det som skjer i dei ulike livsprosessane , særleg i menneskekroppen. Livet og utviklinga kan ikkje berre forklarast ut frå materie og energi, slik evolusjonistane gjer. Det er avhengig av informasjon, og det er komplett umogleg å tenkja seg at informasjon - og det svært komplisert informasjon , oppstår av seg sjølv. Det må stå ein informatør eller ein intelligens bak.

Tveter går ikkje inn på den bibelske skapingslæra, men han avgrensar seg til å halda utviklingslæra opp mot den naturvitskaplege tenkinga som vi kallar ”Intelligent Design”, men vegen derifrå til kristen skapingslære (og syndefallslære) slik vi møter denne i 1. Mosebok 1-3, er kort. Boka er skriven slik at alle skal kunna ha utbytte av henne, ned til konfirmantar. Difor er ho delt i to deler, der den første presenterer læra og problematiserer henne på ein seriøs, men lettfatteleg måte, medan ho i del to går grundigare til verks. Dette, og framstillinga generelt, gjer at det vert ein del repetisjon og nokre hovudsynspunkt går att, men det er berre positivt.

Boka har mange gode og informative illustrasjonar. I tillegg er det ein artig teikneseriefigur som dukkar opp utover i margen med sine tankar, som både kallar på smilebåndet og ettertanken!

Eg vil i ein sum seia at dette er den klart beste boka eg har lese om emnet, både sakleg og pedagogisk sett. Ho bør verta felles lesnad innan alt kristenfolket. Ho er ei særleg gåv e til kristne skular og det kristne ungdomsarbeidet. Ei ikkje mindre viktig målgruppe meiner eg fagteologar må vera, særleg dei som vil vera bibeltru og teologisk konservative.

Eg takkar og bukkar for boka, og ønskjer henne alt godt!

 

Kjell J. Tveter

Livet – skapelse eller tilfeldighet?

Hermon forlag 2012

Hft. 187 sider

 

(Bokanmeldelsen har først stått på trykk i Dagen)